21-dagersvarselet viser vêrutviklinga 21 dagar framover i tid. Vêrvarslene viser temperaturutvikling og sjanse for nedbør dag for dag, og også ein oppsummeringsboks med oversikt veke for veke tre veker fram, opplyser Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Desse langtidsvarslene vil først og fremst fortelje noko om sannsynlegheiter og trender, og vil ikkje for eksempel seie noke om akkurat når på dagen det begynner å regne om 2 til 3 veker. Varselet finner du under fanen «21-dagersvarsel» på nettsida til yr.

Vêrvarslinga har gått frå å varsle berre éin dag framover på 1900-talet, til fem dagar på 1970-talet og 10 dagar på 1990-talet.

Yr har levert tenester til vêrinteresserte nordmenn i 16 år.

– Vêrvarslene blir heile tida meir detaljerte og fått hyppigare oppdatering. Forskninga vår har no tatt dette vidare og utvida langtidsvarselet til 21 dagar, seier Jørn Kristiansen, direktør for Senter for utvikling av varslingstjenesten på MET.