På grunn av vinden må brannmannskapet vurdere tryggleiken før dei kan gjere tiltak, melder 110 Vest til Fjordenes Tidende.

– Taket har begynt å losne, og vi vil forsøke å gjere noko med det om vi kan jobbe sikkert i området. Vi må nesten berre sjå kva vi får til, melder dei.

Like før kl. 14.00 kan 110 Vest opplyse om at taket er sikra:

– Brannmannskapa har prøvd å sikre takplatene så godt dei kan. Huseigar har fått beskjed om å følge med vidare, seier redningsleiar Tore Fanebust til Fjordenes Tidende.

Brannvesenet har no køyrt frå staden.

Følg med på stormen i Fjordenes Tidende sitt stormstudio ved å klikke på denne lenken.