Ifølgje Jordskjelvstasjonen i Bergen skjedde skjelvet klokka 6.40. Det ramma i sjøen utanfor Florø og hadde ein styrke på 3,7. Djupna er førebels anslått å vere på 6,3 kilometer.

– Skjelvet har vorte registrert på målestasjonar i heile landet, heilt til Kautokeino, seier Matilde Sørensen, professor i seismologi ved Universitetet i Bergen, til Bergensavisen.

Bergens Tidende skriv at dei har fått tips frå fleire langs kysten som har merka skjelvet.

– Eg vart livredd. Heile bygningen eg bur i på Laksevåg rista, og det gjorde også sofaen eg låg på, seier Janne Printzlow til BT.

Vest politidistrikt opplyser til NTB at dei ikkje har fått nokon telefonar om skadar relatert til jordskjelvet.