I fjor sommar sende mannen frå Nordfjord ei elektronisk skademelding til Gjensidige Forsikring. Han opplyste om skade på ein fritidsbåt og at båten ikkje hadde skade frå før.

Dette viste seg ikkje å stemme. Båten hadde nemleg fått skade før mannen teikna forsikring.

Mannen fekk uretteleg utbetalt 65.000 kroner.

Han har tilstått, men Sogn og Fjordane tingrett viser også til andre bevis i saka. Blant anna er det sikra fotografi frå Finn-annonse og bilde som mannen sjølv sende inn i forsikringssaka.

I dommen går det fram at svindelen ikkje står fram som profesjonell.

Det er uklart for retten om eigendelen er medrekna i dei 65.000 kronene, men retten legg til grunn at svindelforsøket har ført til risiko for tap på minst 58.000 kroner.

Mannen i 40-åra har tilstått og blir dømd til 30 dagar samfunnsstraff. Straffa skal gjennomførast i løpet av 120 dagar.