Eid Elekt­ro går så det su­ser. I 2013 had­de dei re­kord­hø­ge 65,7 mil­li­o­nar i om­set­ning. No byg­ger dei ut for å få plass til alle til­set­te.

I fjor opp­lev­de det eidbaserte elek­tro­sel­ska­pet si hit­til størs­te års­om­set­ning på 65,7 mil­li­o­nar kro­ner. Og ut­sik­te­ne for 2014 ser vel­dig bra ut.

– Vi har gjort yt­ter­le­ga­re grep i år, som vi hå­par vil syne att i tala dei nes­te åra. Vi har man­ge ord­rar på blok­ka, og sto­re ordrereservar på både kort og lang sikt, sei­er dag­leg lei­ar Ove Kjøl­les­dal.

Verk­sem­da ser hei­le tida et­ter­ nye ve­gar til ut­vik­ling. Via eit tverr­fag­leg sa­mar­beid med GK Norge og Skår VVS kan til dø­mes Eid Elekt­ro vere med på å til­by to­tal­tek­nis­ke ent­rep­ri­sar på stør­re pro­sjekt in­nan rør­leg­ging, ven­ti­la­sjon og elekt­ro.

– Vi prø­ver å vek­se kont­rol­lert. Sto­re pro­sjekt krev at vi har flek­si­bi­li­tet, kom­pe­tan­se og stor ar­beids­ka­pa­si­tet, noko vi mei­ner vi har. Vi har man­ge in­ge­ni­ø­rar, tek­ni­ka­rar og til­set­te med lang er­fa­ring. Også kom­bi­na­sjo­nen av yng­re ny­ut­dan­na og eld­re er­far­ne med­ar­bei­da­rar fun­ge­rer godt, sei­er tek­nisk lei­ar Tore Hjel­le.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.