Elevrådet ved Davik oppvekst ber igjen Bremanger kommune prioritere lys rundt ballbingen og bana på Davik oppvekst.

Dei ber også om gatelys i bygdene Davik, Leirgulen/Rugsund og Ålfoten.

– Vi har lenge hatt eit ønskje om at alle lysa rundt om i bygdene skulle ha blitt fiksa. Det er lys i dei fleste lyktestolpar, men det er nokre lys som burde ha vore fiksa i kvar enkelt bygd.

Lysa ved ballbingen og rundt bana ved Davik oppvekst har vi sendt brev om tidlegare. Vi ønskjer fortsatt at desse lysa vert prioritert.

Davik ønskjer også nye lyktestolpar frå Hamre bru, rundt og ned til hovudvegen», skriv elevrådet ved Davik oppvekst til teknisk etat i Bremanger kommune, og håper på eit positivt svar.