Finnur Kristinsson og sonen Rikhardhur gløymer seint den elektriske stemninga på Stade de France då Island spelte kvartfinale i EM.

– Det har enno ikkje gått heilt opp for meg at vi fekk oppleve kampen live. Det er litt uverkeleg, seier Finnur Kristinsson.

Han er opphavleg frå Island, men bur no i Måløy saman med familien. Søndag var han i Frankrike saman med sonen Rikhardur (7) for å sjå kvartfinalen i EM mellom Island og Frankrike.

- Det var skikkeleg stort å få oppleve Island i EM saman med sonen min, fortel Finnur Kristinsson frå Måløy. Foto: Privat

– Det mest beskrivande ordet er «wow». Det er ikkje mogleg å sette ord på noko så spesielt, seier Kristinsson om opplevinga.

Han seier timane før kampen var eventyrlege. Og fortel at med gatene fulle av patriotiske islandssupporterar følte han seg heime i den franske storbyen.

– Det var sterke kjensler i sving. Og då vi kom til stadion var det heilt elektrisk stemning der også. Det tøffaste eg har opplevd.

Gatene i Frankrike var overfylt av Islandske supporterar, og Kristinsson kjende seg heime blant dei. Foto: Privat

Mange var misunnelege

Kristinsson og sonen var to av rundt 77. 000 personar som fekk med seg kampen på stadion i Saint-Denis, ei mil nord for Paris. Dei hadde plassar litt på skrått bak det eine målet, omtrent midt på tribunen.

– Vi hadde god utsikt over bana, og fekk med oss alt som skjedde, seier Kristinsson og fortel at mange var misunnelege på at han fekk tak i billettar.

Det var trangt mellom plassane på Stadium de France, og Kristinsson fortel om elektrisk stemning. Foto: Privat

– Eg trur dei fleste islendingar hadde eit ønske om å vere der.

Men sjølv om Kristinsson klarte å kapre to billettar, var det ikkje berre å reise.

– Dei fleste flya var fullbooka og billettprisane var skyhøge. Eg måtte gå ei runde med meg sjølv, men bestemte meg til slutt for å køyre, seier han og fortel at turen tok 36 timar.

I Danmark tok han på eit islandsk par som òg skulle til EM.

– Då blei vi fleire sjåførar og det blei enklare å køyre direkte, seier Kristinsson.

Vel verdt turen trass tap

Det gjekk ikkje vegen for Island i kvartfinalen, og dei måtte gi tapt 5–2 mot Frankrike. Men måløyværingen angrar ikkje på turen.

– Berre stemninga på toget på veg til kampen gjorde at alt var verdt det. Det berre toppa seg på stadion og under sjølve kampen.

Og at opplevinga tydde mykje for sonen var det inga tvil om.

Rikhardur D. Finnson Maack frå Måløy synest det var stor stas med EM-kvartfinale i Frankrike. Foto: Privat

– Sonen min synest det var vemodig då Frankrike gjekk opp til 2–0. Då hadde han tårer i auga og spurte om vi skulle gå. Men han kom seg over det, og klarte å nyte kampen trass tap.