– Ein slaktegris er ein slaktegris, men ein kan gi dei eit fint liv når dei lever, seier Rita Borgundvåg.
Saman med Arnt Ove Hoddevik driv ho einaste grisefarm i Ytre Nordfjord, med 20 grisar i Tungevåg på Stadlandet.
– Det er edelgris vi har gjennom Nortura. Grisen får lov å gjere det han likar best, å vere ute og kose seg. Det er kloke dyr som likar å aktivisere seg, og så kan han sove middag når han vil. Det blir ein glad gris.
Kultivere beite
Bakgrunnen for å starte med frilandsgrisar var todelt. Grisane går på ei inngjerda mark der ugraset knappsiv og lyssiv har teke over beitet.
– Beitet har ikkje vore brukt på lenge. Så leste eg ein forskingsrapport som viser at dei ikkje likar frost på røtene, så vi prøvar å få grisane til å snu torva, slik at vi får orden på beitet på ein naturleg måte utan kjemikaliar, seier Borgundvåg, som er utdanna agronom.
I tillegg meiner ho det er ein stor skilnad i smak på kjøt frå gris som får gå ute.
– Vi er glade i svinekjøt, og vi har smakt kjøt frå frilandsgris, og det er noko heilt anna enn gris som har stått inne. Så vi ville prøve å gi tilbodet om skikkeleg svinekjøt til dei som bur her ute. Det blir spanande å smake, dei går jo heilt i sjøkanten med mykje drev frå sjøen.
Responsen på nisjeproduktet har vore bra, og dei har berre få dyr att som ikkje er selde.
– Dette var eit prøveprosjekt, og etterspurnaden har vore kjempebra, så vi kjem utan tvil til å fortsetje med gris.
Økologisk kraftfor
Grisane får økologisk kraftfor, og i tillegg frukt og grønt frå Coop, som elles ville gått i bosset. Det kan vere sprøytemidlar i maten som kjem frå butikken, så grisekjøtet blir ikkje fullstendig økologisk.
– I tillegg så snur dei torva og et røter. Det er utruleg kor dei kosar seg i naturen. Dei gjer ein fantastisk jobb, seier Borgundvåg, som fortel at grisane har blitt ein liten attraksjon.
– Folk køyrer ut kvar kveld for å helse på grisane. I tillegg får dei mat to gongar for dag, og så er vi ut minst ein gong for dag. Til meir tid ein brukar i lag med dei, til meir tillitsfulle blir dei, smiler Borgundvåg.
– Blir det ikkje vanskeleg å sende dei til slakt då?
– Når ein er oppvaksen på gard så veit ein kor maten kjem frå. Mat er mat.