– Vi håpar at dei gravide ber om å bli tilvist til undersøkinga i god tid, seier overlege Trude Hansen Folkestad på kvinneklinikken i Helse Førde i ei pressemelding.

– Undersøkinga må skje mellom veke 11 og veke 13 pluss seks dagar, og vi treng litt tid på å planlegge timane.

Dersom dei fleste gravide takkar ja til undersøkinga, inneber dette nær 900 fleire undersøkingar årleg, samanlikna med i dag. Tidleg ultralyd inneber alltid måling for å sjå om fosteret har vakse som forventa, og ein kan estimere svangerskapslengde.

Vidare undersøkjer ein kropp og organutvikling og kan stadfeste tal foster. I tillegg gjer ein ei måling av nakkeoppklaringa. Auka nakkeoppklaring førekjem ofte hjå foster som har kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom.

Jordmødrer og legar i Helse Førde har vore på vidareutdanning i samband med innføringa, og foreløpig er to jordmødrer og to legar gjennomført og bestått, og ytterlegare to legar er snart ferdige med denne utdanninga.