– Dei var i alle fall heldige med vêret. Det er den andre dagen vi har sol i år, så dette var heilt topp. Det var kjempekjekt.

– Det har gått mykje folk rundt i gatene og kost seg, seier butikkinnehavaren.

Mein Schiff 1 var det første cruiseskipet som kom til Nordfjordeid i 2022. Foto: Siri Kolseth

Ho seier at det var ein del folk som kom inn på Sundehjørnet, men at det ikkje var så voldsom handel.

– Det er uansett kjekt at ting byrjar å normalisere seg og ein kan byrje å farte litt rundt. Det at det blir litt liv og røre i gatene igjen er veldig kjekt, seier Reidun Sunde.

Jon Rasmus Langeseth Vik seier at dei beste kundane dei hadde mellom turistane var nokre ukrainske. Dei fann eit strikkekrus som Reidun hadde malt dagen før med det ukrainske flagget på.

– Det kruset måtte dei berre ha, seier Langeseth Vik.

Reidun Sunde viser fram to flotte krus. Foto: Siri Kolseth
Mein Schiff 1 var berre det første av mange skip som skal ta turen innom Nordfjordeid i sommar. Foto: Stig Høynes

Han legg til at dei snakka ein del med dei ukrainske cruiseturistane og at han gav dei ein vimpel frå Nordfjordeid.

– Vi ønskte dei sjølvsagt hell og lukke, og alt godt, seier Langeseth Vik.

Det var Mein Schiff 1 som besøkte Nordfjordeid tysdag 8. mars. Det same skipet skal kome tilbake fleire gonger framover våren.