Rådmann Tom Joensen er ikkje nådig med Bremanger kommunestyre. I tillegg til å legge fram ein økonomirapport som viser at kommunen går på ein driftssmell på åtte millionar, gir han politikarane innsyn i budsjettarbeidet som administrasjonen no jobbar med. Politikarane har lite grunn til å glede seg.

– Eg oppmodar kommunestyret om å ta til seg alvoret, seier Joensen.

Økonomirapporten viser at kommunen er på veg mot eit underskot i drifta på åtte millionar, eller tre prosent av budsjettet. Helse og omsorg utgjer størsteparten av underskotet, der kostnader til omsorgsovertakingar og barnevern, saman med kostbare vikarar til sjukepleiarar og legar, utgjer mesteparten. Men det er også auka utgifter til skule, plan og administrasjon.

– Noko av dette er kostnader som vil følge oss, og som vi vil måtte finne plass til i drifta, seier Joensen.

Auka utgifter, mindre pengar

– For å dekke innspela som har komme til budsjettarbeidet, måtte vi hatt ei ramme på 308 millionar kroner. No har vi kanskje klart å kna ramma opp i 298 millionar, men alle ser at dette ikkje går saman, seier Joensen, som førebur politikarane på at dei må finne plass til auka utgifter, mellom anna til barnevern, samtidig som det skal kuttast i budsjettet. Årsaka er at overføringane frå staten neste år manglar vel tre millionar på å kunne halde oppe tenestene som i dag.

I tillegg aukar pensjonskostnadane. Rustenesta skal styrkast. Ein skal ha meir til tidleg innsats og førebyggande tiltak for barn og unge. Og grensa for når kommunen kan krevje refusjon for tenester til ressurskrevjande brukarar blir heva.

Ostehøvel nok ein gong

Korleis skal kommunen kutte dei ti millionane som manglar i budsjettet for 2018? Sannsynlegvis blir det kutt etter ostehøvelprinsippet der alle sektorar tar sin skjerv. For helse og omsorg ville det bety vel fem millionar i minus. Tre millionar for oppvekst. Rådmannen likar denne modellen dårleg.

– Spørsmålet er kor lenge vi kan bruke ostehøvelen før det ikkje er moro lenger, seier han.

Sjølv om Bremanger har stramme rammer, er rådmannen klar på at andre har det verre. Kommunen har allereie tatt mange av dei viktige investeringane som må komme, som nye omsorgsbustader. Kommunen har også komme lenger enn andre når det gjeld aldersutviklinga. Mange av dei auka kostnadane på dette feltet er derfor allereie innarbeidde, meiner han. Samtidig har kommunen lågare lånegjeld og større inntekter enn mange andre.

– Men vi har også dyrare tenester, noko som gjer at vi ikkje klarer å skaffe oss handlingsrom, seier rådmannen med klar referanse til prosjekta som har peikt på kva strukturendringar som må til for å få meir handlingsrom i budsjettet.

– Men desse endringane finst det ikkje politisk vilje til å gjere, konkluderer han.

Redda av Terra-pengar

– Det som reddar oss er buoppgjeret for Terra Securities, seier Joensen.

Bremanger får vel 23 millionar frå buet, noko som i tillegg til underskotsdekning går til å auke nedbetalinga av det akkumulerte underskotet. Med desse pengane maktar Bremanger å betale ned 39,5 millionar i år. Nesten 14 millionar meir enn budsjettert. Det gir også betre rammer dei neste åra. Neste år kan dei komme unna med 14 millionar i nedbetaling. 10 millionar i 2019. 8 i 2020 og berre 6 i 2021 då fristen er sett.

– Ei slik nedtrapping gjer at vi kan halde ramma for drifta meir stabil dei kommande åra, seier rådmannen.