Naturvern- og friluftsorganisasjonane meiner Hornelen i Bremanger ligg for usentralt til for å få eit Via Ferrata-anlegg. Dei trur det vil bli for farleg.
Vil utbetre Hornelen som vandremål
Det er Firdaposten som melder saka.
Vanskeleg med redningsaksjonar
Vil bruke millionar på å trekke folk hit
"Enten ein likar det eller ikkje. Bremangerlandet er ein utkant, og ein kan ikkje rekne med at det blir særleg stor trafikk i denne via ferrataen, bortsett frå nokon guida turar. Det betyr at viss nokon får problem oppe i fjellveggen, til dømes på grunn av høgdeskrekk/panikkangst, så vil det kunne gå lang tid før det blir oppdaga. I ein slik situasjon er det også sterkt auka fare for å miste mobiltelefonen sin. Eg meiner det er uforsvarleg å legge ein via ferrata i eit område med så lite tilsyn", skriv koordinator Elisabeth Dale i FNF i Sogn og Fjordane.
Må saksbehandlast som byggesak
Dei tre organisasjonane påpeikar også at utbygginga samla sett blir så omfattande at den bør saksbehandlast ut frå plan- og bygningslova. Det vil gje rett til høyringsuttale og høve til å klage på vedtak. Dei meinar at inngrepa blir så store at omgrepet LNF (Landbruks, Natur og Friområde) blir misvisande i plansamanheng.
Kjært barn har mange namn
"Dette er ikkje eit fjell som fortener å bli nivellert ned med kommersielle og tekniske innretningar for kunstige opplevingar" står det spissformulert i høyringstuttalen.