– Geolog er på veg til staden og det blir ny vurdering klokka 15, opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Det første raset, som var om lag 50 meter breitt, trefte eit hus, men ingen personar vart skadd. Seinare same ettermiddag gjekk det nok eit ras.

Begge rasa gjekk over fylkesvegen, noko som fører til at vegen er stengt to stadar.

Ifølge politiet var 40 personar og fem hundar evakuerte frå totalt 15 bustadar klokka 21 søndag kveld.

– Det er fleire som har spurt om å bli evakuert i løpet av kvelden. Dei blir hjelpt ut av området. Dette er folk som bur mellom rasa, og som kjenner seg utrygge, sa innsatsleiar Morten Hagen i politiet til NRK Vestland.