Namn:

Alder: 55 år

Sivilstand: sambuar.

Yrke:senioropratør Silgrain Elkem Bremanger

Bustad: Hauge, Bremanger

–Kva er du mest oppteken av?

– Friluftsliv og fjellturar, spesielt iÅlfotområdet og Vetvika. Gjegnen som ligg 1670 meter over havet eralltid like eins og sjå. Frå turane tek eg omlag 50.000 bilete iåret, som eg legg på Facebook, Instagram, og Youtube underBremanger kommune friluftsliv.

– Kva gjer du på fritida?

– Er med iKeipen turlag, blant anna som turleiar og på merking av stiar. Ernestleiar i turlaget. Elles blir det hytteturar iÅlfotbreen-området. Favoritthytta er Gjegnabu som tilhøyrer Floraturlag. Det blir også ein del teltturar. I fjor vart det til samanomlag 132.000 høgdemeter som tilsvarar omlag 15 turar til MountEverest og rundt 200 mil.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrarhelsepersonell. Dei som tek vare på eldre, sjuke og dei som ellestreng tilsyn eller hjelp.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Heile Bremanger kommune frå hav til bre. Flott natur, neifantastisk natur! Det beste er å kunne stå på ski ned Ålfotbreenfor så å bade på Grotlesanden nokre timar seinare ein dag i juli.

–Kva står på di framside av Fjordenes Tidende?

– Ålfotbreen er ikraftig vekst.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for eindag?

– Snakka med Gloppen og Flora om intensjonsavtale medBremanger kommune. Den nye kommunen skulle fått namnet Firdakommune.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Konserten iVetvika. Supert vêr og flott musikk av Tupelo. Då var det heiltgreit at halvliteren kosta 100 kr.

– Kva har du på nattbordet?

–Liverpool-lampe, mobil, vassflaske og øyrepropper.

– Kva nettstadarer du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, Instagram, NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Firdaposten, VG, Nettavisen, Dagbladet, NRK ogLiverpool.no.

– Kva er meininga med livet?

– Ut på tur, ikkje sur!