Den nye redaktøren, som eigentleg er frå Svelgen i Bremanger, men har budd i Oslo sidan 1994, var likevel ikkje heilt sikker på at det var han som skulle ende opp med jobben.

– Eg blei veldig glad då eg blei kontakta. Så var det jo mange rundar, men eg skjønte jo at eg etter kvart «rykte fram i køen» som dei seier. Men då styreleiar ringde for å fortelje meg at dei hadde valt meg, blei eg likevel overraska, og kunne ikkje heilt tru at han hadde meint å ringe til meg. Men eg blei veldig glad då eg skjønte at det var rett, seier Nestegard til Fjordenes Tidende.

Lengta heim

– Du og heile familien flyttar dermed etter kvart frå Oslo til ytre Bremanger. Det er ei stor avgjerd og eit stort steg. Korleis har det vore?

– Det blei jo eit heilt anna alvor med ein gong eg fekk beskjeden, men eigentleg er det stor jubel for meg. Jubel over å få flytte heim og få begynne i denne jobben. Eg har hatt lyst til å flytte heim lenge, og er oppriktig glad i kysten og kystbefolkninga, i Nordfjord og heile området i ytre delar av Sogn og Fjordane. Så den viktigaste motivasjonen min ligg nok der, gleda over å få flytte heim og jobbe med journalistikk frå akkurat dette området.

– Så det er havet som lokkar?

– Ja, det er nok det. Kystkulturen og havet. Den høge himmelen. Og om eg må vere ærleg, så saknar eg faktisk uvêret og stormane.

Gler seg til å ta ferja

No ser han fram til å til og med få jobbe på havet når han blir ferjependlar på sambandet Oldeide-Husevågøy-Måløy.

– Det blir jo heilt fantastisk å få lov til å ta den ferja. Der kan eg jobbe, og starte og avslutte kvar arbeidsdag, smiler han.

Dei første månadene vil nok mykje av pendlinga likevel skje mellom Oslo og Nordfjord før heile familien kjem trygt etter når alt er på plass.

Dette er frå då familien tok båten til Selja i sommar. Nora (9) og Markus (12), som Dag har saman med kona Renate, har det fint saman med pappa. Nestegard har også to eldre døtre, som er i 20-åra. Foto: Renate P. Johnsen

Kjem med allsidig bakgrunn

Det er styret i Fjordenes Tidende AS som har tilsett Nestegard som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Nestegard er i dag seniorrådgivar i Kunnskapsdepartementet og har lang erfaring som journalist, redaktør, forfattar og rådgivar i mellom anna NRK Dagsrevyen, Bok & Samfunn, Redd Barna og Samferdselsdepartementet. Nestegard har nyleg laga dokumentarfilm om kraftutbygging og industriutvikling i Svelgen.

Nestegard tar over jobben etter noverande redaktør og dagleg leiar Håvar Fagerli som skal i gong med nye prosjekt.

Gjekk på radiolinja

Nestegard fortel at han i botnen har journalistutdanning og mange års erfaring frå NRK på Marienlyst og også som utanrikskorrespondent.

– Eg gjekk på radiolinja i Volda, som det heitte den gongen, før eg drog til NRK og Marienlyst og blei der i ti år. Så hamna eg i regjeringingskvartalet, der eg gjekk frå Fiskeridepartementet, til Samferdselsdepartementet og så til Kunnskapsdepartementet. Eg har også vore redaktør i eit forlag og gitt ut seks bøker.

Han ser derfor fram til å framleis skulle få jobbe med ord, språk og forteljekunst, som er det som ligg hjartet nær.

– Folk er forskjellige. Nokre får energi av å jogge, andre av å gå i naturen. For meg er det litteratur. Å lese eller skrive ein tekst gir meg energi. Eg kan sitje og skrive ein heil dag og når eg er ferdig har eg så mykje energi. Så det er viktig for meg.

– Då kan det vere at du får utløp for interessa i denne jobben, ja. Kva gler du deg mest til?

– Det er mange ting. Eg ser fram til å skape konkrete resultatet, halde tempoet oppe og få ut nyheitene, sette agenda og tilby kvalitetsjournalistikk. Samfunnsoppdraget er veldig viktig, det å vere lokalavisa som er patriotisk, heiar på gode krefter og hjelper til med å utvikle lokaldemokratiet og lokalt næringsliv, men som samtidig kan vere kritisk når det trengst. Og så er eg opptatt av å bygge laget på jobb og få det til å fungere godt. Eg gler meg til å bygge vidare på det gode arbeidet dei tilsette i Fjordenes Tidende har lagt ned over mange år, seier han.

På dette bildet ser vi at juleborda framover ikkje skal bli noko problem ettersom Dag har spelt bass i uttalege band, mellom anna saman med han som eig dette studioet, Eirik Husabø. Foto: Janne Linn Myren

– Eit vesentleg spørsmål for ein nytilsett redaktør her ute på kysten, må kanskje vere kva kan du om fisk?

– Vel, eg har jobba i Fiskeridepartementet og vore taleskrivar for fiskeriministeren, og utan å skryte så trur eg at eg har vore på alle fiskevær i Nord-Norge. Eg var til og med med fiskeriministeren til Måløydagene i si tid, så ja, eg er veldig klar over at Måløy er ei av Norge sine største fiskerihamner. Eg kan mykje om fiskeri på departementsnivå, og organiseringa av fiskeriet er viktig distriktspolitikk. Og så har eg ein svigerfar som er fiskar, og har hatt eigen sjark heile livet.

Han er interessert i både fiskeriet, men også andre delar av næringslivet i regionen.

– Det skjer så mykje spennande med eit sterkt næringsliv og Stad skipstunnel som er eit eineståande prosjekt internasjonalt, eit prosjekt som har potensial til å revolusjonere samferdsel på kysten. Eg gler meg til å lage god journalistikk og utvikle Fjordenes Tidende vidare saman med både lesarar og annonsørar.

Vil nå dei unge

Han trur også det er viktig å stå støtt som redaktørstyrt medium i tida vi lever i med falske nyheiter og aukande høgrepopulisme.

– Lokalavisa er tett på lesarar og lokaldemokratiet, og særleg med tanke på dei unge er dette viktigare enn nokon gong. Ungdom får ofte nyheitene sine frå sosiale medium, og det er eit viktig samfunnsoppdrag å nå desse med rett informasjon og få dei til å kjenne seg stolte av bakgrunnen sin. Og vi har mykje å vere stolte av i Vågsøy-området, Selje, Stadlandet, Bremanger og resten av Nordfjord.

Styreleiar Frank Støyva Emblem har også god tru på at Nestegard skal finne seg til rette i rolla.

– Vi er veldig godt fornøgd med tilsettinga av Dag H. Nestegard som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende. Han har lang erfaring som journalist og redaktør og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Dag på laget skal vi ta nye steg og gi lesarane god journalistikk på alle plattformer, seier Emblem.