Tysdag kveld klokka 20.16 fekk politiet melding om at ein lastebil hadde køyrt i eit skilt i Sundafjelltunnelen.

– Politiet er på veg til staden etter melding om ein lastebil som har køyrt i høgdeavgrensingsskiltet. Det heng no laust, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, tysdag kveld klokka 20.27.

– Vegtrafikksentralen er varsla om forholdet og har stengt tunnelen, melder politiet.

Klokka 20.38 var politiet på staden.

Klokka 20.46 kunne politiet melde at entreprenør var komen fram til staden.

– Det er manuell dirigering på staden medan ein ventar på utstyr som trengst for å få reparert skaden, opplyser politiet klokka 20.58.

Klokka 21.30 vart tunnelen stengt for å kappe ned høgdeavgrensaren, meldte Vegtrafikksentralen.

– Tunnelen er open igjen, og politiet vil halde fram med manuell dirigering til entreprenøren er heilt ferdig på staden, opplyste Vegtrafikksentralen vest klokka 21.43.

Klokka 21.57 var entreprenøren ferdig på staden, og tunnelen var open for trafikk igjen.