Det kom meldingar frå nesten alle kantar av Sogn og Fjordane om at folk merka at bakken rista cirka klokka 21.50 torsdag kveld.

Klokka 22.48 bekrefta Norsar at det var eit jordskjelv cirka 80 kilometer vest for Ålesund med styrke 3.6.

Heile Vestlandet deltok

Omtrent heile Vestlandet kjente skjelvet torsdag kveld. TV2 meldte raskt at det hadde vore eit skjelv i havet utanfor Ålesund, målt til ca. 4,0 på Richters jordskjelvskala.

Seismolog Tormod Kvern i jordskjelvvakta til NORSAR seier til TV2 at dei jobbar med å finne ut akkurat kor skjelvet har skjedd. Skjelvet kan ha hatt ein styrke på pluss/minus 3.5.

Folk frå Måløy, Raudeberg, Refvik, Kvalheim, Holvik, Silda, Selje, Bryggja, Stadlandet, Kjølsdalen, Bremanger, Sundsøyna, Kalvåg, Berle, Rugsund, Nordfjordeid, Syltefjorden, Rovde, Herøy, Hornindal, Djupedalen og Førde meldt inn skjelvet den første halvtimen til Fjordenes Tidende. Foto: Skjermdump EMSC

Etter at Fjordenes Tidende la ut ei Facebook-melding om skjelvet kom det på kort tid mange meldingar frå folk som kjente bakken riste og glas klirre i skapa.

Folk frå Måløy, Raudeberg, Refvik, Kvalheim, Holvik, Silda, Selje, Bryggja, Stadlandet, Kjølsdalen, Bremanger, Sundsøyna, Kalvåg, Berle, Rugsund, Nordfjordeid, Syltefjorden, Rovde, Herøy, Hornindal, Djupedalen og Førde meldt inn skjelvet den første halvtimen til Fjordenes Tidende.

Foreløpig informasjon som Sunnmørsposten fekk frå Norsar tyda då på at episenteret til jordskjelvet kan ha vore 15 kilometer ut i havet vest for Ålesund.

VG opplyste at det europeiske jordskjelvsenteret meinte episenteret låg i Norskehavet, cirka 51 kilometer vest for Ulsteinvik.

Her kan du sjå jordskjelvkartet til den europeiske jordskjelvorganisasjonen EMSC. Her er skjelvet plassert i havet vest for Sunnmøre registrert til 4,0 på Richters jordskjelvskala,

Seismolog hos Norsar, Annie Jerkins, seier til Sunnmørsposten at eit skjelv på denne storleiken er lite i global skala, men at det i norsk målestokk er litt størrelse på det.

– Nordvestlandet og havområdet utanfor er eit kjent område med jordskjelv. Sidan 1986 er det registrert 25 hendingar med styrke over 3.0, der det største fann stad i 1988 med styrke 5.3, skriv Norsar seinare på kvelden i meldinga der dei bekreftar skjelvet.

Ifølge jordskjelv.no fann det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er målt på norsk territorium stad utanfor Jan Mayen i 2012. Det blei målt til 6,6 på Richters skala.