I Bremanger har eg vore vand med tørre vaflar, eller harde vaflar som vi kallar det, i alle år. Besta har laga harde vaflar så lenge eg kan hugse. Vaflane smakar veldig godt, spesielt med brunost på, men mange brukar smør og syltetøy til.

Tørre vaflar kan du oppbevare i ein kakeboks, så har du noko godt å by på om du får gjestar.

Til tørre vaflar treng du:

4 egg

250 g sukker

250 g smør

350 g potetmjøl

200 g kveitemjøl

2 ts. bakepulver

1 ts. vaniljesukker

Slik lagar du tørre vaflar:

Smelt smør og kjøl det ned til det er lunka. Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha i litt og litt smør eller «spe» smøret oppi eggedosisen.

Bland alt det tørre for seg sjølv. Sikt alt det tørre opp i eggedosisen, rør til det ikkje lenger er klumpar i røra.

Steik vaflane i vaffeljarn til dei er gylne.

Tips:

Hugs å smør vaffeljarnet godt med smør før du startar for å unngå at vaflane heng fast.

Vaflane held seg lenge om du oppbevarar dei i ein tett boks.