Litt før klokka 20.00 fredag kveld fekk politiet melding om at det var full brann i ein personbil inne i Magnhildskartunnelen sør for Svelgen i Bremanger kommune.

Alle naudetatane rykte ut, både politi, brann, ambulanse og luftambulanse.

For litt sidan melde politiet at fem personar hadde kome seg ut av tunnelen.

Ingen personar skal vere alvorleg skadde, men alle dei fem som var inne i tunnelen er sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

fjt.no oppdaterer saka.