Han er i styret i utviklingslaget på Bryggja og sit også i arbeidsgruppa som arbeider med grensejustering.

– Den som kan få noko positivt ut av dette er Montessori skulen i Kjølsdalen. Sjølv har eg ein som går på skule, og ei som skal begynne til hausten. Dei kjem nok til begynne i Kjølsdalen, fortel Hessevik.

– Dette er som forventa, men samstundes trasig for bygda. Eg set spørsmålsteikn ved kvifor ein måtte avgjere dette før saka om grensejustering var avklara.

Fylkesmannen skal i midten av månaden kome med si tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i saka om grensejustering for krinsane Totland, Maurstad og Bryggja.

Ordførarane Alfred Bjørlo (V) i Eid og Stein Robert Osdal (KrF) i Selje har tidlegare uttalt at dei vil halde oppe dagens skulestruktur i Stad kommune.

– Vi vil vente på Fylkesmannen si tilråding før vi eventuelt gjer noko, seier Bjørlo.