I morgon torsdag har Sjukehusaksjonen Nordfjord årsmøte og leiar Svein Hansen er klår på at det framleis er mykje å ta tak i.

– Det er framleis bruk for Sjukehusaksjonen Nordfjord. Vi går vidare. Sjukehusaksjonen vil nok overleve både den eine og den andre. Sjukehusaksjonen er viktigare enn nokon gong, svarar leiar Svein Hansen på spørsmål om ei nedlegging av aksjonen har vore vurdert.

Sjølv er han ikkje på val i ein organisasjon som nærmar seg 2.500 medlemmer.

Hansen vil heller ikkje bruke tid på dei angrepa som har vore på Sjukehusaksjonen den siste tida.

Han vil i staden sjå framover og han vil fortelje kvifor den folkelege kampen må halde fram med uforminska styrke:

– Vi ønskjer og vi arbeider for at folk i Nordfjord skal få eit best mogeleg helsetilbod. Også retten til fritt sjukehusval på tvers av føretaksgrensene er noko vi held trykk på, seier Hansen.

Han seier at dei er på linje med legane i Nordfjord som støttar Sjukehusaksjonen og som denne gjev uttrykk for at det er pasienten sitt beste som er viktig.

Hansen fortel at det i morgon vil vere årsmelding, val og vanlege årsmøtesaker som skal opp til behandling og at det etter årsmøtet vil bli både orienteringar og diskusjon.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 13. mars.

Du kan lese reportasje i papirutgaven mandag 11. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.