Det fine vêret gjer at Hoddevik Strandcamp ber gjestane om å spare vatn, og kan måtte stenge dersom det ikkje blir nedbør.
Camping: Strålande fint vêr gjer at det er mykje folk som besøkjer Hoddevik om dagen og strandcampen er heilt fullbooka. Det fine vêret har også ført til tørke, og campingplassen kan bli stengd på kort varsel om det ikkje kjem meir nedbør snart. Foto: privat