Folk strøymde til då Jysk opna dørene i sin nye butikk på Nordfjordeid torsdag.

- Nordfjordeid er ein naturleg stad å vere for Jysk. Det er eit handelssentrum, der også Amfi har vald å satse. Vi stolar på at dette vil gå bra. Det har blitt ein stor og flott butikk, seier eigedomssjef Lars Petter Christensen.

Jysk på Nordfjordeid held hus der Mega var tidlegare. Det er den 86. butikken i Norge, og den fjerde i Sogn og Fjordane.

- No har vi dei vi skal ha. Det blir ingen fleire Jysk-butikkar i Nordfjord, seier Christensen.

Varaordførar Eli Førde Aarskog var på plass og overrekte blomster frå Eid kommune.

- Dette er ein stas dag. Vi set pris på at det kjem liv i lokala igjen. Eidsgata er juvelen til Eid. Sjølv om vi er stolte over nytt senter er vi like opptatt av at Eidsgata skal leve vidare, fortel Aarskog.

Butikksjef Remy Kongsvoll trur Jysk vil vere eit bindeledd mellom Eidsgata og senteret.

- Vi er avhengig av kvarandre, seier Kongsvoll, som gleda seg over at kundane strøymde til butikken så snart dørene opna.

- Dette lovar godt. Mange har vore nysgjerrig på korleis butikken blir, seier han.

- Eg har venta og gleda meg til Jysk skulle kome, seier kunde Hildegunn Rand frå Hopland.