Eit forprosjekt for Kalvåg-Klubben med grovkalkyle er allereie utarbeidd av driftssjef Gunnar Yttrehus ved Teknisk drift i Bremanger kommune.

Kalkylen blei oversend fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, på vårparten i fjor med stadfesting på at kommune og næringsliv står ved sin del av spleiselaget.

Slik prioriterer kommunen, retning Kalvåg mot Oldeide:

  • Hamrøybrua – Trongesundet (grovkalkyle 3,6 millionar ekskl. mva., byggetid: tre-fire månader).

  • Pikaneset og Dalevatnet (grovkalkyle 2 millionar, byggetid: tre månader).

  • Opp mot Oldeidstunnelen (grovkalkyle 1,4 millionar, byggetid to-tre månader).