Eit tjuetals tilsette har også sin arbeidsplass i den vesle bygda langs riksveg 15.

Den gode utviklinga feira bygdefolket med stor fest på skulen laurdag.

– Det blei eit flott program der elevane song mange forskjellige songar, seier rektor Thomas Hals, som førte publikum inn i den raude tråden for dagen som var at sjølv om Kjølsdalen er ei ganske så lita bygd, så er dei likevel ein del av ei stor verd.

– Og korleis vi er med kvarandre påverkar folk og verda kring oss.

Samla: Dei av kollegiet som var på jubileet står her framfor heile elevgruppa ved skulen. Foto: privat

Fekk takk for innsatsen

Mangeårig styreleiar, Ove Kjøllesdal, takka kollegiet ved skulen for all innsats som dei legg ned i drifta ved skulen.

– Styret hadde med ein stor oppsats til dei tilsette ved skulen, seier Hals.

Kjøllesdal peikte også på historia, og viste til Hals, som i dag er rektor, sin tanke om at det kanskje kunne vere ein idé for ei driftig bygd som Kjølsdalen å sjå nærare på moglegheitene for private alternativ, då dåverande Eid kommune rasla litt med strukturendringssablane igjen.

– Ein veldig god idé om eg må seie det sjølv! smiler Hals.

Elevane hadde øvd inn eit stort repertoar av songar som handla om vennskap og fredsskaping i verda. Foto: privat

Mange sende helsingar

Det kom helsingar frå tidlegare og noverande ordførarar.

– Kjølsdalen Montessoriskule har verkeleg vore ein suksess. Kommunen har fått ein samla sett betre skule av at de drog i gang skulen! Eg takkar for godt samarbeid i tidlegare år og ønsker all lukke til vidare med skulen, laud helsinga frå Alfred Bjørlo (V).

Elevar frå ungdomsskulen las dikt for publikum. Foto: privat

Og her er orda frå noverande ordførar Sigurd Reksnes (Sp):

«Kjære alle som er til stades for å feire Kjølsdalen Montessori skule! Gratulerer så mykje med tiårsdagen! De har skapt ein god skule som gjer at barna i Kjølsdalen og bygdene rundt kan få gå på skule i sitt nærmiljø. Det er svært gledeleg å sjå at elevtalsutviklinga har vore god desse åra, og at det kjem opp nye hus og nye innbyggarar til Stad kommune i dette området.

Fire av dei fem noverande styremedlemmane ved skulen fekk takk og blomster for innsatsen. F.v. Kine Krokstrand, Synnøve Humborstad, styreleiar Ove Kjøllesdal og Kim Tore Gilleshammer. Den femte, Roar Øystein Bakke, var ikkje til stades. Foto: privat

Det som de har fått til viser at de bur i ei bygd med masse intitativ og skaparkraft. Det er viktig for å halde oppe levande bygder i kommunen vår. Eg ser fram til godt samarbeid framover, og kjem gjerne på besøk!

Lukke til med feiringa og hipp, hipp, hurra for Kjølsdalen Montessoriskule!»

Så var det tid for kake, song og musikk og ein god del blomeoverrekkingar.

Hals fortel at foreldregruppa ved skulen stilte opp med mykje flott kakemat til festen etter programmet. Og så fekk dei også hjelp av ein tidlegare elev.

– I skuletida dagen før festen kom tidlegare eleven Jakob Sætre, som ser føre seg ein framtid innan arbeid med mat, innom og viste og laga til «fingermat» saman med elevar frå den noverande ungdomsskuleflokken. Dei følgde godt med og jobba raskt med sine oppgåver etterpå, seier Hals.

Ei stor festkake til skulen var sjølvsagt på plass på kakebordet. På den stod det «Kjølsdalen Montessoriskule 10 år. Berre 90 år til 100 …» Foto: privat
Her er kveldens husband med Thomas Hals, som ein får kalle bassisterande rektor og dagleg leiar (t.v.) og Sverre Brungot som Hals kallar gitarkamerat og svelekompis. – Eller var det omvendt, smiler han. Foto: privat
Her er solistar på «Skal vi være venner» av Bjarte Leithaug. Med mikrofon frå venstre: Alexandra Lien, Tuva Saure Bugjerde og Raker Sundal Myklebust. Foto: privat
Gymsalen fylte seg opp i Kjølsdalen då skulen skulle feire sine første ti år. Foto: privat
Dagleg leiar og rektor Thomas Hals takka Synnøve Humborstad og Ove Kjøllesdal for innsats gjennom snart tolv år for arbeid i styret ved Kjølsdalen Montessoriskule. Foto: privat
Småskulen opna programmet ved å kome gåande og syngande inn på songen «Mi hand i di hand». Foto: privat
Synnøve Humborstad og Ove Kjøllesdal, samt Heidi Berstad, som ikkje var til stades, var dei tre i det opphavlege interimsstyret som sette i gang arbeidet med å danne eit privat alternativ i Kjølsdalen. Synnøve og Ove er framleis styremedlem. Foto: privat
Foreldregruppa ved skulen stilte opp med mykje flott kakemat til festen etter programmet, og ungdomsskuleelevane hadde også fått hjelp av ein tidlegare elev til å lage «fingermat» til festen. Foto: privat