Møtet var i regi av Selje Næringsforening ved formann Anders Lien, som hadde henta inn Eknes til å orientere om kva moglegheiter som finst, og kva andre kommunar har gjort for å realisere sine prosjekt.

– Til dagens 2022-prisar, så kan Stad kommune få på plass eit 20 gonger 12,5 meter basseng i Selje til 45 millionar kroner seier Eknes til Fjordenes Tidende.

Før møtet hadde Eknes lest rapporten til Asplan Viak, som er den kommunen har brukt som grunnlag for å få ein pris på nytt basseng i Selje. Den same rapporten som til slutt gjorde at prosjektet blei stansa.

– Rapporten er god den, og den har gode løysingar, men det blir veldig dyrt. Og det er fordi det er lagt inn for mykje og flotte ting som ein ikkje treng. Då blir det luftslott i staden for verkelegheit, seier han.

Under kan du sjå utrekninga til Eknes:

Lang erfaring

Eknes har heile 18 år bak seg i styret i Norges Svømmeforbund, 12 av desse som president. Han har med dette lang erfaring i å bidra til at klubbar og kommunar over heile landet får på plass gode svømmetilbod, mellom anna ved å hjelpe til når det kjem til spelemidlar.

– Eg har vore frå Honningsvåg i nord til Manndal i sør og heldt føredrag om svømmeanlegg. Og det som gjer meg så trist, er at det er så utruleg mange luftslott rundt om. Dei einaste eg vil ha, er aktive barn, folk som lærer seg å svømme og bruk av basseng til mosjon og folkehelse, seier han.

Samfunnsverdi

Han kjem også med eit lite hyggeleg eksempel når det gjeld korleis ein kan vurdere prisen av eit nytt anlegg.

– Ei utrekning som finansdepartementet gjorde i 2013 viser at eit menneskeliv er verdt 30 millionar kroner. Justert til i dag, er dette 38 millionar. Om 300 barn i Selje og på Stadlandet lærer å svømme, og om ein med det unngår at to barn druknar, så har ein dekt inn heile svømmeanlegget i samfunnsverdi.

Fekk sjå under steinane

Jan Vidar Smenes (Ap) var ein dei som deltok på møtet.

– Dette var veldig nyttig. Når vi sa at vi ønskte å snu alle steinar for å prøve å få til eit basseng, så var det nettopp det her vi ønskte. Her blei det belyst at, om vi snur desse steinane, så finn ein noko som er billigare under dei.

Utanom Smenes, var det seks andre folkevalde som var til stades på møtet. Han meiner at det politiske miljøet må ta sin del av skulda for at prisane det har blitt operert med tidlegare har vore så høge.

– Kanskje vi burde spissa krava våre betre inn mot administrasjonen. Vi treng berre ein «firkant» med så og så mange svømmebaner, og det er det. Det bygget vi har blitt vist tidlegare er sikkert veldig flott, og passar sikkert bra saman med eit nytt hotell, men når vi ser her at vi kunne fått eit basseng til 45 millionar så burde vi heller gå for ein «firkant» som vi har råd til. Og til den prisen burde det ha vore bygd i morgon, seier han.

Møtet kan du sjå i sin heilskap under: