Det vart mykje å ta tak i for vegvesenet då dei gjennomførte ein kontroll av tunge køyretøy på Nordfjordeid trafikkstasjon fredag kveld.

I alt vart 28 tunge køyretøy og 12 lette kontrollerte.

Ein førar fekk 3000 kroner i bot og bruksforbod grunna manglande skilt på framsida av bilen.

Ein annan vart meldt for å ha mangla førarkort.

Vidare fekk ein førar 1500 kroner i bot for å ha mangla bilebilte, medan ein annan måtte ut med 1000 kroner for å ha dekk med mønsterdjupne under minimumsmålet for årstida, samt teknisk mangel grunna defekt hovudlyspære.

Dessutan vart det notert tekniske manglar på ei rekkje andre køyretøy, mange av dei grunna feil ved lysa på bilane.

Av dei 40 kontrollerte køyretøya hadde heile 15 skriftelege manglar.