Brannvesenet melder om ei trafikkulykke på Nordstranda i Vanylven kommune.

Ifølge 110-sentralen for Møre og Romsdal skal det vere snakk om ein bil med berre sjåfør.

Operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad, seier til Sunnmørsposten at sjåføren skal ha vore oppegåande, men at vedkommande er frakta til Volda sjukehus for ein sjekk.

– Overgangsvêret gjer at det kan vere glatt i heile fylket, seier Ferstad.

Ulykka skjedde fredag kveld rundt klokka 21.30. Denne saka blei først publisert i Sunnmørsposten.