– Denne prisen er ein pris for heile Stormbygg. Vi tar vare på kvarandre og har det kjekt på jobb. Hjarteleg tusen takk, sa Gangsøy då Stormbygg fekk den gjeve utmerkinga.

Vurderer kultur og tillit

Det var under Norgeshus sin årlege kongress i Tromsø at bedrifta blei kåra til Norgeshus sin beste arbeidsplass 2022. Kåringa blei gjort blant alle Norgeshus sine 141 forhandlarar. Samla har desse over 4 milliardar kroner i omsetnad og meir enn 1.700 tilsette.

Stormbygg er rangert som den beste arbeidsplassen etter resultat frå arbeidsmiljøundersøkinga «Great Place to Work».

– Juryen si grunngjeving var Stormbygg sitt solide resultat i den anerkjende medarbeiderundersøkinga «Great Place to Work» som alle medlemsbedriftene i kjeda må gjennomføre årleg, forklarer Gangsøy.

I undersøkinga svarer medarbeidarane på korleis dei opplever kulturen og leiinga i organisasjonen. ​Dei svarer på korleis relasjonen mellom leiinga og dei tilsette er, kor stolte dei er i jobben og i kor stor grad dei føler at det er eit godt fellesskap. Det blir også gjort ei slags vurdering av kulturen på arbeidsplassen, kulturen for leiing, graden av tillit i organisasjonen og av medarbeidarane sin motivasjon og sitt engasjement.

Juryen la også til at Stormbygg har utmerka seg som ei bedrift som over tid har arbeidd målretta for å rekruttere kvinner inn i byggenæringa.

– Dei involverer tilsette, lar dei ta del i både avgjerder og eigarskapet og det har klart å skape eit høgt engasjement hos alle tilsette, meinte juryen.

– Stolar på kvarandre

– Bedriftskulturen vår er gjennomsyra av at vi stolar på kvarandre, tar vare på kvarandre og er tydelege og ærlege, seier Gangsøy.

Målet hans er at alle dei tilsette skal glede seg til å gå på jobb kvar dag:

– Vi tilbringer ein så stor del av livet vårt på arbeid. Då skal vi ha det bra på jobb. Vi er òg heile tida på jakt etter dei rette hovuda og trur at eit godt arbeidsmiljø tel mykje når folk ser seg om etter arbeid.

Ein stolt dagleg leiar sa at denne prisen var alle i Stormbygg sin. Foto: Norgeshus