Det melder NRK Vestland.

– Mannskapet har flytta på last om bord, og på stigande sjø kom det av grunn, sa vaktleiar Silje Berger i Kystverket til NRK tysdag kveld.

Lasteskipet Falkbris var lasta med sand og steinmateriale vart slept til Florø der dei var framme ved 22.30-tida tysdag kveld.

Det var seint måndag kveld at det store lasteskipet med sju personar om bord gjekk på grunn ved Olaskjæret nær Kalvåg i Bremanger. Skipet var på veg frå Åheim til Kvinesdal.

Tysdag formiddag vart det gjort forsøk på å dra lasteskipet av grunn, men slepebåtane Delfi og Polaris måtte avbryte operasjonen rundt klokka 12.45. Foto: Redningsselskapet

Skipet vart liggande gjennom natta og både redningsskøyta Bergen Kreds og KV Sortland heldt oppsyn med Falkbris.

Tysdag formiddag vart det gjort forsøk på å dra lasteskipet av grunn, men slepebåtane Delfi og Polaris måtte avbryte operasjonen rundt klokka 12.45. Etter planen skulle Kystvakta gjere eit nytt forsøk tysdag kveld.

Ingen personar vart skadd då det vel 80 meter lange lasteskipet grunnstøytte.

Det er førebels ikkje klart kor store skadar skipet har fått i samanstøyten.

– Det vi veit er at det har vore vassinntrenging i ein ballasttank forut. Lasteskipet vert no slept til Florø for nærare undersøkingar og Sjøfartsdirektoratet vil følge opp saka, seier Berger til NRK Vestland.