Laurdag kan ein oppleve dans, underholdning og middag om bord på verdas største seglskip STS Sedov.

Seglskipet legg til ved fiskerikaia i Måløy denne helga i samband med Cruise in Company. Prosjektleiarane for arrangementet er Laetitia Pipaluk Rosing og Malene Lunde Sætren.

- Det er viktig at folk ikkje ventar til siste liten med å kjøpe billett, då vi må vete seinast torsdag kor mange vi må bestille mat til for ikkje å ta for stor risiko i prosjektet, seier prosjektleiar Pipaluk Rosing.

- Det er 221 personar som har sagt at dei er interessert i å gå, men kun 79 billetter er selt til no, legg ho til.

Prosjektleiarane for Cruise in Company oppmodar alle som deltek om å kle seg maritimt.

- Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt, men når ein kler seg ut, eller berre tek på seg ein hatt, blir det ofte veldig god stemning, smiler Malene Lunde Sætren.