Det kan bli eit rekordår for Bremanger Quarry i talet på tonn stein dei sender ut frå steinbrotet på Dyrstad i Bremanger.

– Trenden ser slik ut no. Juni blir rekordmånad med 494.200 tonn utskipa stein. Normalen ligg på mellom 250.000 og 300.000 tonn, seier teknisk sjef Sverre Geir Hellebust ved Bremanger Quarry.

Lasta på 94.400 tonn som nyleg blei skipa ut føyer seg inn i rekka av større utsendingar frå steinbedrifta i år. I tillegg til ei last på tilsvarande størrelse i februar, kom rekorden på 94.700 tonn i mai.

– Opna opp ein ny marknad

– Steinen går til eitt av anlegga våre i Antwerpen, til eit spesielt vindmølleprosjekt som er byrja på i år. Der går dei store lastene på over 94.000 tonn, seier Hellebust.

Dei store lastene kjem som eit resultat av storinvesteringa på 25 millionar kroner i fjor. Då utvida anlegget med eitt nytt ferdiglager, nye transportørar og ein ny siktestasjon med kapasitet på 2.000 tonn i timen. Med oppgraderinga kan steinbedrifta lage fleire produkt.

– Før var det begrensa kva fraksjonar vi kunne lage, men dette har opna opp ei ny marknad for oss, seier han, og legg til at han er glad for at eigarane er frampå.

– Dei er offensive på utviklinga av bedrifta, både når det gjeld Aksla, nyinvesteringar, og finne betre løysingar og betre fleksibilitet i produksjonen. Sjølv om han ikkje vil ut med resultata for 2014, fortel han at det går i riktig retning.

– Vi har positiv utvikling på driftsresultatet, fortel Hellebust.

I 2013 hadde Bremanger Quarry ei omsetjing på 215 millionar kroner medan resultatet før skatt enda på knappe 40 millionar.

Større kapasitet

Steinbrotet har så langt i år avtale på levering av 3,5 millionar tonn stein til ulike prosjekt. Tidlegare har det lagt på mellom 3 og 3,3 millionar tonn.

– Dette er utskiping både til oss sjølve, til anlegga i Antwerpen og Amsterdam, og til andre seier han, og legg til at offshore-båtane som sender stein til Nordsjøen også har vore veldig aktive siste tida.

Bedrifta jobbar også med utvidinga til det som er tenkt eit eige industriprosjekt på Aksla.

– Vi har ikkje noko konkret dato for oppstart, seier han.