– 70 prosent av omsetnaden kjem frå tavleproduksjon. Kort forklart handlar det om store og avanserte sikringsskap for store bygg og anlegg, seier teknisk leiar Tore Hjelle.

Ifølgje Hjelle er verksemda størst i landet innan tavleanlegg og skap til tunnelar. Dei har levert tavler til alt frå verdast lengste tunnel i Lærdal, til landets mest trafikkerte tunnelar i Oslogryta. Andre stader dei har levert tavler den seinare tid er Ørlandet flystasjon, Lefdal Mine Datacenter, Loen Skylift og Amfi Nordfjord.

Av omsetnaden på 111,4 millionar leverte verksemda eit resultat før skatt på 8,3 millionar kroner i 2016. Dei opererer med tre avdelingar: Installasjon, som har vore kjerneaktiviteten sidan starten. Prosjektavdelinga jobbar med større byggeprosjekt og store og kompliserte installasjonar. Og teknisk avdeling driv blant anna med tavleproduksjon og mjølkerobotar.

Ifølgje Hjelle teiknar 2017 til å bli om lag som i fjor.

– Veksten har vore spesielt merkbar sidan tusenårsskiftet. I år 2000 hadde vi ti tilsette og ein omsetnad på kring 10 millionar kroner, fortel Hjelle.

No er dei 75 tilsette, av dei 12 på avdelinga i Bergen.

Eid Elektro vart etablert i 1981 med utgangspunkt i verksemda Oscar Gjerde. Dagleg leiar Ove Kjøllesdal kom inn midt på 1980-talet, medan Tore Hjelle kom inn på 90-talet og har kjøpt seg inn i to etappar etter år 2000. Dei to eig 40 prosent av verksemda kvar.

Innanfor tavleproduksjon er verksemda ein nasjonal aktør. Hjelle seier dei får førespurnader frå heile landet om å gje tilbod på tavler når det er store prosjekt på gang.

Veksten til Eid Elektro kan i stor grad tilskrivast at dei har vore dyktige på å gjere seg nytte av teknologi for å byggje produkt for marknaden. Det siste dømet er eit samarbeid med stryneverksemdene Nomek og Fluor-Lux på produksjon av naudskap i tunnelar. Nomek lagar skapa, Fluor-Lux lagar fluoriserte skilt medan Eid Elektro monterer inn alle elektriske komponentar og gjer produktet ferdig. Dette samarbeidet kom i stand i fjor, og har i følgje Hjelle vore en suksess.

– Bakgrunnen var at det kom nye tryggleikskrav for tunnelar. Det skal bli langt tettare mellom naudskapa enn det har vore til no. Det vil vere behov for mange tusen. Vi har allereie levert 400.