– I år kjem det ulike matprodusentar i tillegg til kokkar, så til saman vil det bli rundt 26 stands i gata, seier Leon Knapskog i Aske gatemat og bryggeri.
I fjor inviterte dei for første gong til matfestival i Eidsgata, og vart overvelda av mengda folk som møtte opp.
– Vi hadde rekna med rundt 300 personar, men så enda det opp med å bli rundt 3.000, noko som førte til lange køar, fortel han.
– Mat er jo noko alle likar, og så er det noko med stemninga i Eidsgata når det er mykje folk, musikk og liv, fortel han.
Kokkane på Aske skal sjølv ha fleire stands, der ein kan få gatemat inspirert av ulike kjøkken rundt om i verda. I tillegg dukkar mange lokale produsentar og kokkar opp med eigne stands.
Den beste gatematen skal ifølgje Knapskog ha eit røft preg.
– Den beste gatematen skal ein kunne ete med ei hand, og har masse smak. Det må også vere skikkeleg grisete, ler han.