– Det skal vere stengt ei stund i forbindelse med arbeid i ei kabelgrøft, seier Odd Henning Svoren, avdelingsleiar veg Måløy i Kinn kommune.

Arbeidet heng saman med den nye gangvegen og trappa mellom Gate 2 og Gate 3 som skal sikre at elevar på Vågsøy ungdomsskule får ein tryggare skuleveg.

– Det er for å få straum slik at vi får lyssett trappa. Men det skal berre vere snakk om nokre timar med arbeid før vegen opnar igjen, seier Svoren.