Det er venta mykje regn i delar av Fjordane og Møre og Romsdal utover måndagen, med mellom 40 og 60 millimeter nedbør dei neste 12 timane.

Dei største nedbørsmengdene er venta frå måndag kveld til tysdag morgon.

Det er fare for overvatn i tettbygde område og fare for at vegar kan bli stengt som følge av nedbørsmengdene.

I tillegg er det sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskred i delar av Vestland og Møre og Romsdal.

– Hold deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring, skriv Meteorologisk institutt, som også ber publikum vurdere behovet for førebyggande tiltak.