Det er Vest politidistrikt som klokka 14.46 opplyser om at naudetatane er på veg.

– Politi og brann på veg til melding om trafikkuhell. Ein truck med ein person skal ha køyrt i sjøen, opplyser operasjonsleiar.

Personen skal ha komme seg ut av trucken, og skal ifølge politiet vere uskadd.

Politiet trur ikkje at det er snakk om promille i denne saka, men dei vil etterforske.

– Det er ikkje mistanke om ruspåverknad. Politiet undersøker forholdet, seier operasjonsleiar.

Ifølge NRK Vestland skal ikkje personen ha vore i trucken, som no ligg på fire meters djup, då den køyrde i sjøen.

Klokka 20.44 laurdag kveld oppdaterer politiet hendinga. Dei er ferdige på staden og opprettar sak.

Trucken blir truleg liggande til måndag og vil bli berga først då.

– Trucken veg cirka 16 tonn og berging er derfor ein større operasjon, opplyser operasjonsleiar.

Brannvesenet har lagt ut lenser, men det skal ikkje vere fare for forureining om trucken blir liggande berre nokre dagar, meiner politiet.