Det er NRK Møre og Romsdal som melder denne saka fredag.

Fylkesadministrasjonen meinte nemleg at eit nytt fylkeskryssande tilbod ikkje er handterleg innanfor dagens økonomiske situasjon.

– Nytten av tilbodet, med maksimalt 200 reisande per dag fordelt på tre avgangar i kvar retning, står ikkje i forhold til kostnadene som fylkeskommunane tar på seg, skreiv fungerande fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime i innstillinga til samferdselsutvalet.

No går dette utvalet altså imot tilrådinga. Dei vil heller jobbe for å auke den statlege medfinansiering for å få mest mogleg ut av rutetilbodet.

– Vi trur det kan bli et godt tilbod, og det kan bli ein liten revolusjon for fossildrivne hurtigbåtar, seier leiar i samferdsleutvalet, Kristin Sørheim (Sp) til NRK.

16. november skal samferdsleutvalet i Vestland kome med si tilråding.