Det opplyste Vegtrafikksentralen vest laurdag morgon.

Hendinga skjedde midt mellom Davik og Dombestein på fv. 616 i Bremanger.

Ifølge Vegtrafikksentralen var det ein større stein som hadde ramla ned i vegbana, noko som førte til at eit felt blei stengt.

Entreprenør var på staden, og klokka 10.10 laurdag morgon melde Vegtrafikksentralen at det var fri ferdsel på vegen igjen.