Det erfarer NRK.

Ein tunnel gjennom Stadlandet skal gje sikrare passasje for skipstrafikken enn no som båtane må krysse Stadhavet.

Prosjektet er kostnadsrekna til 2,8 milliardar kroner. Kystverket har fått i oppdrag å starte forarbeidet.

Då Fjordenes Tidende snakka med prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad, i slutten av september var han klar på at dei held fram som før trass murring frå sentralt hald om at prosjektet kunne bli sett på vent i statsbudsjettet.

– Vi har fått ei bestilling og held fram som planlagt. Eg har jo lest det som har blitt skrive, men det er ikkje noko vi brukar tid på. Vi har ikkje fått nokon signal på at det er vi som kjem til å bli råka på nokon som helst slags måte, sa Skjeppestad