Under øvinga skal fiske- og fangstelevane frå Måløy vidaregåande skule heisast opp i eit redningshelikopter frå dekket på opplæringsbåten Skulebas. Etter at alle elevane er heist opp, skal helikopteret sette kursen for Tennebø, der elevane får fast grunn under beina.

Etter utsettinga er det no lagt opp til at denne øvinga skal skje i Vågsfjorden, i området mellom Moldøen og Vågsvåg, enten fredag eller mandag kommande veke.

– Det er første gang at fiske og fangstelevane får vere med på ei slik øving. Eg tenker dei er heldige som får moglegheiten til å vere med på dette. Om dei nokon gong skulle vere så uheldige at dei kjem opp i ein naudsituasjon til havs der dei får behov for helikopterhjelp, så kan dei føle seg tryggare på prosedyren etter å ha vore med på dette, seier faglærar Stig Oldeide til Fjordenes Tidende.