Tiltakshavar for planarbeidet på Akslafjellet er eigarane av Bremanger Quarry på Dyrstad, Beheersmij Fr. Bontrup BV.

Marius Strømmen (Sp) og Espen Sortevik (Ap) stilte spørsmål ved kva lokalsamfunnet fekk igjen for å «låne vekk» naturressursane sine på denne måten, og Strømmen ville også gjerne ha klare svar på kva konsekvensar utslepp av steinstøv ville ha for oppdrettsanlegg som K. Strømmen i Rugsund.

Sjølv om utslepp av steinstøv ikkje er ein planlagt del av produksjonen er det noko som skjer, og dette kan påverke det marine livet.

Dei vil også invitere tiltakshavar på eit besøk for å få vite meir om deira tankar om det nye steinbrotet.