– Kalenderen viser 26. januar og sola skal igjen, etter planen, skine på skulen vår etter ti solmørke veker. Dette blei i dag markert med solfest på skulen med gul bekledning og alle elevar i aksjon med ulike oppdrag knytt til temaet sol, skriv skulen på sine Facebook-sider.

Solproduksjon, funfacts, bokstavdikt, song og dans var berre nokre av aktivitetane som gjekk føre seg rundt om i klassene, før alle samlast til framføring og gul servering på fellessamling i gymsalen.

Elevane fekk utdelt både noko godt å bite i og å drikke på under festen. Foto: Stadlandet skule

– Som i fjor glimra sola dessverre med sitt fråvær. Flaks for oss er det at rektor Stig W. Ågedal-Mortensen har bursdag på sjølvaste soldagen og stod for skinning heilt på eiga hand. (Han fekk sjølvsagt bursdagssong og krone som takk), skriv dei.

Rektor Ågedal-Mortensen hadde bursdag under feiringa. Foto: Stadlandet skule

Sjølv om sola altså ikkje titta fram, finn dei glede i å vite at den no er der – så lenge skyene held seg vekke.

– Sjølv om vi ikkje såg antydning til solglimt heile dagen i dag, så gler vi oss over at sola skin på skuleplassen neste gong ho tittar fram.

Desse jentene var to av dei som kunne feire at sola endeleg er tilbake. Foto: Stadlandet skule
Medan desse gutane feira på sin eigen måte, med noko godt å ete og drikke. Foto: Stadlandet skule
Lærar og gitarist, Aleksander Kvernevik, var i sitt ess. Foto: Stadlandet skule
Rektoren skein på sin eigen måte. Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule
Foto: Stadlandet skule