Vinterbølgja av covid-19 er i full gang, slår Folkehelseinstituttet fast i vekerapporten sin.

Sjukehusa og kommunane må vere førebudde på fleire innleggingar med covid-19, heiter det vidare. I veke 44 var nesten 500 personar innlagde, ein auke på 18 prosent frå veka før. Framleis er få innlagt på intensivavdeling.

FHI-overlege Preben Aavitsland, fortel til NTB at FHI har kjøpt inn godt med vaksinar, og at det ikkje er fare for at det går tomt.

– Dei kommunane som er i ferd med å gå tomme, kan berre bestille meir frå oss, seier han.

FHI oppmodar eldre og kronisk sjuke til å vaksinere seg.

– Vi vaksinerer for å verne utsette grupper mot alvorleg forløp av ein infeksjon, ikkje for å påverke gangen i denne bølgja. Vi konsentrerer oss derfor om å oppmode dei eldre og kronisk sjuke til å vaksinere seg, seier Aavitsland.

Kommunane rundt om i landet er i gang med vaksinasjon, og dei fleste stader skal det vere mogleg å bli vaksinert i løpet av nokre dagar.

– Vaksinen som blir tilboden, er ein oppdatert versjon av Pfizers vaksine. Den skal passe betre til virusvariantane som sirkulerer no, seier Aavitsland.

(©NPK)

FHI har kjøpt inn godt med vaksinar, og seierr det er nok til alle som er anbefalt ein dose i haust. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK