– Det tradisjonelle russetoget til måløyrussen frå Måløy vidaregåande skule til Måløy sentrum går no i ettermiddag. Dei vil delvis bruke vegbanen, melder Vest politidistrikt kl. 15.30 tysdag.

Russen går frå skulen på Tennebø i Deknepollen, langs riksveg 15 over Måløybrua ned Spiralen og vidare nordover Gate 1 til Torget.

Politiet melder at naudetatane følgjer toget, og at trafikk vil bli vinka forbi ved høve.