Samtidig dukkar det opp lokale studiesenter. Næraste studiesenter ligg på Nordfjordeid.

Ei styresak ved høgskulen viser at det er ei uro knytt til dette.

– Korleis kan høgskulen nytta dette som ei moglegheit, i større grad enn ei utfordring, heiter det i saksframstillinga.

I Nordfjord er det studiesenter på Eid og i Stryn. Der kan studentane jobbe, treffe andre studentar, få koplingar til næringslivet og få hjelp til praktiske ting.

Prosjektleiar Kari Rygg i StudieHub – Nordfjord Studiesenter seier til Khrono at «studiehuben» ikkje er ein konkurrent til Høgskulen i Volda eller til andre utdanningsinstitusjonar. Ho meiner studiesenteret tvert imot kan tilføra fleire studentar til utdanningsinstitusjonane.