Meteorologisk institutt melder om liten kuling i Måløy heile måndag kveld. Vindkasta er venta å kome opp i 20 og 21 m/s.

Tysdag er det venta at vinden skal minke før det til kvelden bles opp til liten kuling igjen.

Om ein ser på vêrsymbolet er det stort sett regn dei komande dagane, spesielt onsdag då det blir meldt 19 millimeter nedbør.

Ved Kråkenes fyr er det venta stiv kuling med vindkast på opp i 27 m/s.