Ein søkjar har søkt på stillinga som sokneprest i ytre Bremanger.

Bjørgvin bispedøme har lyst ut stillinga som sokneprest i Nordfjord prosti i Berle, Bremanger og Frøya sokn i ytre Bremanger.

Det er ifølgje den offentlege søkjarlista på bispedømet sine nettsider kome inn ein søknad på stillinga. Denne er frå Anders Hove (26).

Samstundes som Bjørgvin bispedøme, som er det største bispedømet i Norge, lyste ut denne stillinga, lyste dei også ut stillinga som sokneprest i Nordfjord prosti i Eid og Stårheim sokn. Det har kome inn fire søknadar på stillinga.

Dei som har søkt er Anders Hove (26), Arne Bøe (52), Knut Vidar Soltveit (55) og ein søkjar der namnet er unnateke offentlegheita.

Søknadsfristen for begge stillingane var 1. februar.