– Blir minstemålet på sei auka er det berre å levere nøklane til banken, seier Per Røys ved Brødrene Larsen i Kalvåg.

Per Røys er ein av investorane bak fiskemottaket Brødrene Larsen i Kalvåg. Eit mottak som tek imot kystnær og notfanga sei.

Røys har vore klår på at det berre denne type sei som er av ein slik kvalitet av filetproduksjon kan forsvarast.

Røys har vist til at større sei som er fangsta lenger vekke vil bli for blaut for filetmaskinene.

– Det er flott at hovudutvalet i fylkeskommunen tek opp denne saka og at dei kjempar imot endring av minstemålet, seier Røys.

Han legg til at slik han ser dette har dei føreslegne endringane berre som mål å flytte fisk frå ei flåtegruppe til ei anna.

– Reint bestandsmessig vil endringane ikkje føre til noko som helst, seier Røys.

Om ikkje endring av minstemålet på sei vil føre til endringar vil det i alle fall føre til endringar på land.

Per Røys er ikkje det minste i tvil om at det vil vere slutten for Brødrene Larsen om dei føreslegne endringane vert ein realitet.

Heile saka står i papirutgåva måndag 4. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.