Kommentaren i Vårt land har fleire fått med seg, og den er mykje delt og kommentert i sosiale medium.

Prosten i Nordfjord reagerer på leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, si uttale etter at Odd Roger Enoksen trekte seg frå stillinga si som forsvarsminster. Enoksen hadde som 50-åring hatt eit langvarig, seksualisert forhold til ei 18 år gamal kvinne der maktbalansen var svært skeiv.

Vedum sin kommentar om at det berre finst taparar i denne saka fekk Saltkjel til å reagere.

– Denne kronikken er mest til deg, Slagsvold Vedum. Og til alle oss som har makt. Men den er også til heile det norske folket, skriv ho.

Ho tar for seg patriarkatet, og makta også menn som er i posisjonar rundt Enoksen har. Og peikar på at dei alle har eit ansvar.

– Vi må snakke om over- og underordning. Om kjønn. Om kva restar av vårt mannsstyrte samfunn og verkelegheitsforståinga av det vi ikkje lenger ønsker å ha rundt oss. Vi må snakke om korleis nokre menn skildrar verda gjennom sine mannlege blikk. Og om kva nokre menn med makt seier når andre menn har misbrukt makta sin, skriv ho.